Sámegillii

Tilleggsartikkel til boka Samisk skolehistorie 2. Davvi Girji 2007.

Anders Guttormsen:

Statens heimeyrkeskole for samer, Kautokeino

Til norsk ved Svein Lund

Anders Guttormsen

Anders Guttormsen

Anders Guttormsen (1908-1986) var frå Smalfjord i Tana. Han tok typografutdanning i Oslo. Han arbeida med prenting av Nuorttanaste fra 1928 og i perioden 1948-60 var han redaktør i avisa. Guttormsen fikk Kongens fortjenestemedalje 1978.
Anders Guttormsen redigerte samiske song- og diktbøker og skreiv sjølv fleire små bøker på samisk og norsk. Han var den første som i 1974 utvikla uttrykket "ČSV", som seinare blei eit slagord for sameaktivistar.[1].

Denne artikkelen blei prenta i Nuorttanaste 5-1962. Artikkelen blir her publisert på samisk slik som han var prenta i Nuorttanaste, bare med nokre forklarande fotnoter. Så vidt vi kjenner til har artikkelen tidligare ikkje vore omsett til norsk.

— Puhh! Kva skal ein no med desse unyttige skolane. Det kan vere det samme med dei.
Slik sa dei fleste samane for 40 år sidan, men seier nokon det no lenger? For det første fordi no ser dei behovet for skolar for folket sitt felles liv, og for det andre fordi det no i tida i samiske område er skolar som passar for samen sin natur, der er enno samen sitt språk heldt i ære og høyrest til daglig, og der lagast det reidskapar, som samen jo kjenner frå gamal tid - slik som sledar, ski osv. - og treng enno den dag i dag. Og det er veldig artig at det finst skolar der lærarane kan samisk og nokre av dei er sjølve samar.

Den husflidsskolen som staten har grunnlagt og bygd opp spesielt for samane og latt reise på kyrkjestaden i Kautokeino, verkar først noko framand med alle sine bygningar og nye utstyr og han er enno ikkje offentlig opna (det ryktast at det vil skje våren 1962). Men vi byrjar likevel å skrive om han, og vi har intervjua skolen sine noverande lærarar og vi fører her vidare dei opplysningane som vi har fått. Først snakka vi med skolen sin forstandar, styrar Skoglund. Vi har fått vite at denne skolen har tidligare har heldt til i små leigde rom her på kyrkjestaden, men no har ein flytta til ein stor, moderne bygning.

Skolestyrar Skoglund og ein av elevane hans.
(Foto: Anders Guttormsen?)

Styrar Skoglund fortel at skolen har tre faste avdelingar, der det er varierande utdanninga og nokre kurs. Fleire slags handverkslinje held til i den samme avdelinga, slik som tre- og beinarbeid. Så er det mekanisk avdeling (rom for filing og smie). For jentene søm og vevlinje. Heimeyrkeskolen byrja i desse nye lokala i 1960—61.

Det er under vurdering med tida å samordne arbeidet med den 9-årige skolen. Frå skolen si side er det ønskelig. Ungdom frå Kautokeino har førsterett til denne skolen. Elles er alle velkomne så langt det er plass. På spørsmålet vårt om kor lenge Skoglund har vore styrar ved denne skolen, svarar han: frå 1952, men ikkje heile tida i dei 9 åra. Nokre år har han vore borte.

Når vi snakkar med konsulent Lauri Keskitalo, som sjølv er ein av lærararne ved husflidsskolen, i samesløyd, og overvakar kvaliteten på det kvinnelige handarbeidet, får vi vite meir om skolen. Staten har bygd han med tanke på å fylle krava som har reist seg om moderne vidaregåande skolar, slik at ein kan følge med utviklinga i tida.

Først dei frie kursa.
1) Jern- og metallarbeid (H. Guttorm)
2) Kvinnelig handarbeid, vev og søm (B. Stueng)
3) Trarbeid (Styrar Skoglund). Under han hører dei teoretiske faga, slik som rekning, norsk osv.

Lærar Hans Guttorm set i gang maskinen sin.
(Foto: Anders Guttormsen?)

Skolen har internat, som tar 24 elevar, der er tomannsrom, 12 elevar i kvar etasje. Det einaste som manglar på internatet er kjøkken for matlaging. Elevane spis på folkeskolen, men mat utanom middagen får dei ferdig på spiserommet på internatet. Der finst opphaldsrom og tekjøkken, der elevane får komme. Det er elektrisk strøm til lys og drift av maskinar.

Elevane skal lære om reinslaktemetodar og korleis ein skal filétere og pakke kjøtt. Kautokeinos nymoderne slakteri og fryseutstyr kjem på den måten til god nytte for husflidskolen sine elevar.
1. Jern eller metallarbeid: Sveising, Elektrisk og gassveisekurs.
2. Kurs for bygningssnekkere.
3. Malm-leitingskurs.

Hovudmålet til husflidsskolen er å gi timelig eller økonomisk startgrunnlag for samisk ungdom gjennom den utdanninga som han gir, slik at dei kan bygge vidare på dette utdanningsgrunnlaget.

På skolen finst det eit eige rom, der innsjø- og elvebåtar og reinsledar kan lagast. Det er også eit eige rom (spesialrom) for behandling av reinskinn. Og eit boklig klasserom der det også skal vere bibliotek. Meir om internat- og skolerom kan ein lese i skoleplanen.

Vi smyg oss inn i lærar Hans Guttorm sine fine boligrom, der vi får auka vår kunnskap om denne skolen, og spesielt om den linja der han er lærar: Jern og metall.
Lærar H. Guttorm er same og det er og den trivelige kona hans, og dei er begge frå Karasjok kommune. H. G. har først tatt tatt studenteksamen, deretter ei tid gått i lære på ein verkstad i Noreg, seinare dro han til Sverige, der han fullførte si yrkesutdanning.[2] Han gir grunnleggande utdanning i jern- og metallarbeid. Og slik gir han elevane sine det første arbeidsgrunnlaget. Denne skolen er enno i starten, og av den grunn manglar han såkalla tradisjonar, det vil seie utprøvt gamalt grunnlag og metodar som ein kan bygge vidare på.

I Finnmark manglar særlig slike folk, som er faglærte i handverk og husflid. For dei som ønsker å gå vidare er denne skolen i Kautokeino heilt naudsynt. Jo mindre folk har av fagutdanning, go lettare kjem dei ut i arbeidsløyse og pengemangel. Hovudsaka for ungdommen er å lære å forarbeide nyttige ting gjennom skolen, seier Guttorm til slutt.

Husflidsskolen i Kautokeino gir utdanning heilt gratis for elevane. Pengemangel hos elevane skal ikkje vere eit hinder for skolegang. Sjølv om regelen er at elevane skal betale 1/5 av matutgiftene og 50 % av materialene som trengst til opplæringa, så kan pengehjelp ordnast også til det, ved at elevane seljer noko av det dei har laga i skoletida. Slike varer er det stor etterspørsel etter og ein får god betaling for dei. Konsulent Keskitalo har bekrefta at saka er slik.

Lærar Berit Stueng (til høgre) blant elevane sine.
(Foto: Anders Guttormsen?)

Lærar for jentene er Berit Stueng, ho er Karasjokjente. Vi har hørt at ho har gått industriskolen og Statens husflidslærarskole, og mange andre kurs, og har vore vikarlærar i sameungdomsskolen i Karasjok. På spørsmål frå oss svarar ho at ho underviser elevane sine i å sy kjolar, skjørt og liknande "rivggogarvoid" (varer for ikkje-samiske kvinner)
— Men korfor det, du som sjøl er samejente og elevane dine er samejenter her på denne sameskolen?
— Eg må undervise det eg sjølv har lært. Dersom denne skolen har levedagar, og sameungdommen søker den flittig, så kjem kanskje dei, som kan undervise virkelig samisk husflid til elevane.
Frøken Stueng er aleine som lærar på kvinnesida. Ho kan veving og, slik som å få elevane å veve ullskjal. Dei er åtte. Kurset varar 10 månadar. Ein av elevane hennar er frå Polmak, 1 frå Karasjok, 1 frå Kautokeino, 1 frå Snefjord og 4 frå Troms fylke.

Historisk tilbakeblikk

Den siste som vi har snakka med, er ein av dei som har vore elev ved heimeyrkeskolen i si tid. Det er husmor Inga Turi Hætta.

— Når har du gått på heimeyrkeskolen, Inga?
— Eg gikk der første året da skolen starta, 1952—53.

— Korleis likte du det?
— Svært godt. Det var bare 5 månadars kurs, som var satt igang for å prøve ut korleis det gikk. Da var ikkje enno de nye skolebygget med internat, ikkje eingong på papiret.

— Kva lærte de?
— Vev og sømarbeid. Boklig: rekning, norsk, samfunnslære. Dei som ville fikk noko opplæring i samisk språk (ved lærar Anders Bongo.) Skole for jentene blei da heldt i rom på gjestgiveriet, guttane gikk i brakka. Elevane budde rundt på gardane, kvar sin plass. Dei elevane som ønska det fikk kjøpe middag på gjestgiveriet.
— No, kom det noko kunnskap ut av undervisninga?
— Ja, særlig når det gjeld veving. Eg trudde at eg kunne sy før eg kom til skolen, men eg oppdaga snart at eg hadde mye igjen å lære. Hovudsaka er å lære å sy pent.

— Vil du tilså slik utdanning til andre sameungdommar?
— Ja, absolutt! Og tenk at her på den øyde, ville vidda er det oppstått ein slik nymoderne skole, det kostar mye, men dersom ungdommen ikkje søker til desse skoleplassane, så er det ikkje til nokon nytte, om så kor gode skolane måtte vere, og skoleromma høvelige og vakre.

Knivar laga på husflidsskolen
(Foto: Anders Guttormsen?)


[1]Anders Guttormsen utvikla på det første samiske litteraturseminaret i Tana 1974 uttrykket ČSV, som kan ha mange tydingar. Han har skrive om det i artikkelen ČSV - Ja mii daina oaivilduvvu (ČSV - og kva som meinast med det) som er publisert i heftet Sápmi - en nasjon blir til (Ottar 4-2000). På 1980-talet blei ČSV symbol for forkjemparane for samiske rettar.(red.)
[2]Intervjuaren synast å ha oppfatta noko feil kor og korleis Hans Guttorm har tatt utdanning. Vi viser til Hans Guttorm si forteljing i boka Samisk skolehistorie 2 (red.)


Samisk skolehistorie 2