Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 1. Davvi Girji 2005.

Sigmund Steenbuch:

Det heng nokre røter igjen i Karasjok

Intervjua av Svein Lund

Sigmund Steenbuch, Skien 2003
(Foto: Svein Lund)

Sigmund Steenbuch er ein av dei mange lærarane sørfrå som har undervist nokre år i Finnmark. Han er født i 1933 og vaks opp i Tønsberg. Etter gymnas og studentfagkurs jobba han eit par år som "studentlærar" før han tok lærarskolen. Han hadde bare budd i Vestfold da han i 1960 reiste til Finnmark for å ta arbeid på den nye ungdomsskolen i Karasjok.

Etter tre år i Karasjok reiste han sørover igjen for å ta vidareutdanning. Deretter arbeida han i Sør-Norge i grunnskole, vidaregåande skole og skoleadministrasjon til han blei pensjonert ved årtusenskiftet. No bur han i Skien i Telemark.

Namnet Steenbuch stammar frå dansketida. På 1700-talet blei samemisjonen i Noreg organisert av Misjonskollegiet i København. Leiar for dette var teologiprofessor Steenbuch. Han adopterte ein norsk prestestudent som så tok Steenbuch til etternamn. Prestestudenten blei stamfar til Sigmund Steenbuch.

Når vi kjem inn i leiligheta der Sigmund Steenbuch bur i lag med kona Else, er noko av det første vi ser ei grene på veggen. Vi skal ikkje leite lenge før vi ser fleire minner om tida nordpå. Her er blant anna eit originalt trykk av Iver Jåks.

- Vi hadde to radioar, men Iver Jåks hadde ingen, fortel han. Så dette kunstverket har eg bytta til meg for ein Kurier reiseradio.

Han har funne fram permen med papir frå tida i Karasjok, blant anna tilsettingsbrevet frå 1960, som er underteikna av Bjørn Aarseth. Vi spør først kva som fikk han til å søke seg arbeid så langt borte.

- Eg kjende behov for å komme ut og oppleve noko anna enn Vestfold. Derfor søkte eg lærarjobbar i Finnmark da eg var ferdig med lærarskolen. Eg fikk tilbod frå Mehamn og Karasjok og valde Karasjok. Det var ikkje noko meir spesielt.

Det var ikkje bare å sette seg på flyet når ein skulle nordover den gongen. Reisa tok fire dagar, kan han fortelle. Sigmund Steenbuck reiste ikkje aleine, han hadde kone og ein liten unge med. To til blei født under opphaldet i Karasjok.

- Skolen sto veldig i fokus i Karasjok på den tida. Ein måtte vere døv for ikkje å få med seg ganske mye av den striden som gikk føre seg der. Situasjonen i bygda var veldig spesiell, med eit veldig engasjement, både blant dei som var opptatt av samiske spørsmål og dei som var betatt av fornorskingstanken.

På ungdomsskolen underviste han i matematikk, geografi, maskinskriving og handelsfag. Vi spør korleis det gikk med den språklige kommunikasjonen, når elevane var samisktalande og læraren bare kunne norsk.

- Eg hadde bare elevar i ungdomsskolen, og såpass langt opp i systemet kunne elevane rimelig bra norsk. Eg opplevde at dei forsto det meste. Mange var og aktive og spurte når dei ikkje forsto. Men det var nok og elevar som ikkje fikk med seg alt, og som ikkje spurte.

- Enn foreldra, korleis var kontakten med dei?
- Vi hadde faste foreldremøte og eg opplevde kontakten som positiv. Men om foreldra gjorde det samme, det kan jo ikkje eg svare på. Det var i det heile stort engasjement blant foreldra i skolespørsmål, kanskje særlig på grunn av striden om plassen for samisk språk i skolen. I den tida var det eiga reindriftslinje på ungdomsskolen i Karasjok, og det var elevar frå flyttsamefamiliar som gikk der. Det var Bjørn Aarseth som hadde foreldremøte for reindriftsklassane, og det gikk på samisk. Eg forsto jo ikkje mye av det som blei sagt der. Men etter det eg hørte, var det og stort engasjement i skolespørsmål blant flyttsamane.

- I kva grad var det lærarar som kunne samisk? - På ungdomskolen hadde vi tre lærarar med samisk som morsmål, det var Kirsten Porsanger Sara, Isak Østmo og Amund Teigmo. I kor stor grad dei brukte samisk i undervisninga, det kan eg ikkje seie noko om. Også eit par av dei øvrige lærarane kunne samisk, blant anna Bjørn Aarseth.

Internatet - vald mot barn

- I den tida var det vel internat på skolen?
- Ja, og sidan eg budde i forlenginga av internatet, så fikk eg noko kontakt med internatlivet, sjølv om internatet ikkje hørte til jobben min. Eg tenkte meir enn ein gong: Arme ungar som må reise så tidlig frå mor og far og eit fritt liv. Det måtte vere ein forferdelig overgang. Eg syns nok det må kallast for vald mot barn. Eg fikk jo sjå at det ikkje alltid gikk å halde elevane innafor strenge reglar. På våren når det var lyst om natta kunne dei sitte i vindauga og dingle med beina og joike og spise tørkakjøtt sånn rundt midnattstider.

Kurs i samisk bannskap

- Fikk du noko innføring i samisk kultur og lokale forhold da du byrja som lærar?
- Lydolf Lind Meløy, som var skolesjef i kommunen, og Bjørn Aarseth, som var skolestyrar ved ungdomsskolen, gjorde begge mye for å opplyse oss nye og gi oss innsikt i samisk kultur.

- Lærte du mye samisk i Karasjok?
- Ein del ord og uttrykk lærte eg jo. Trygve Madsen, som var skolestyrar på barneskolen, heldt litt kurs for ferske norske lærarar. Det var ikkje så mye eg lærte. Noko av det første var å lære dei samiske banneorda, så vi kunne reagere på det dersom elevane banna. Og dei kan eg enno. Så kjem det ei regle med samiske banneord, før Steenbuck legg til: - Hugsar eg det rett?
Jo, vi kan bekrefte at denne regla var godt innlært og like gangbar etter 40 år. - Elevane omsette etternamnet mitt til samisk, og når eg var i farvatnet, ropte dei "Geađgebohkká boahtá!" ("Steinbukken kjem"). Ein gong gikk eg opp til ein av elevane og kviskra inn i øret hans: "Geađgebohkká boahtá!" Han blei litt forskrekka, for det var første gongen han hørte eit ord på samisk frå meg. Så etterpå kom denne eleven til meg og spurte: "Du, Steenbuch, forstår du samisk?" Eg skulle jo vere litt lur, så eg sa at han skulle ikkje vere for trygg. Men det kunne han visst vere. Eg huskar den same eleven ein gong heldt oppe tommelfingeren og spurte meg kva denne heitte på norsk. Han visste dette sjølvsagt på samisk frå den tidligaste barndommen, men på norsk visste han det enno ikkje i 15-års alderen. Dette var ein av dei episodane som gjorde meg merksam på problema med at elevane fikk all si undervisning på eit språk som var framandspråk for dei.

I kofte på museet

- Klassa mi hadde basar og samla inn heile 5000 kroner for å reise på busstur til Sør-Noreg. Vi skulle til Oslo og så over til Vestlandet, der bussjåføren kom frå. No fikk eg eit problem: Eg ville gjerne at elevane skulle ha samekofte med seg på turen, men samtidig visste eg at det ikkje var problemfritt. Eg løyste det på den måten: Eg sa til elevane og foreldra at i Oslo skal vi gå på Norsk Folkemuseum, og det er mange som kler seg i bunad når dei går dit. Og da ville det vere fint om elevane hadde kofte. Og ein del av dei stilte og i kofte, og det gikk bra. Men det at dette var eit vanskelig spørsmål seier mye om haldningane som var i den tida.
Det var påfallande for meg korleis folk på kysten diskriminerte den samiske kulturen. Når samane på innlandet kom til kysten opplevde dei at deira eigen kultur, det dei var stolte av, det var ikkje verdsatt. Vaktmesteren på skolen fortalte at han hadde vore i Tromsø og så reist med hurtigruta oppover. Da hadde han hatt kofta på seg, men det han opplevda da såra han så mye at han bestemte seg for at det skulle han aldri gjøre igjen.
Det var og mange samar i Karasjok i den tida som ikkje hadde tru på eigen kultur og eige språk. Når vi opplevde at foreldre med rein samiskspråklig bakgrunn nekta ungane tospråklige lærebøker på skolen, men kravde at dei bare skulle ha norsk, da må eg seie eg blei forundra.

Hard strid om Samekomiteen

- Korleis opplevde du striden om undervisning på norsk eller samisk?
- Eg kom jo midt oppi striden om innstillinga frå Samekomiteen. Lydolf Lind Meløy var ordførar og medlem av Samekomiteen. Han var ei drivkraft, og eg vil gi all honnør til det arbeidet han gjorde. På andre sida sto det lokale Arbeidarpartiet, med Hans Rønbeck i spissen, steilt imot framlegga frå Samekomiteen. I kommunestyret var dei borgarlige og Arbeidarpartiet omtrent like store. Flyttsamelista hadde to representantar og var dermed i vippeposisjon. Ein av flyttsamane møtte ikkje da kommunestyret skulle behandle saka. Det blei fortalt at nokre representantar for eit visst parti hadde reist inn på fjellet og skjenka representanten full så han ikkje skulle komme seg til møtet. Om det var sant, veit eg ikkje.
Mens Arbeidarpartiet i Karasjok var svært negativ til alt samisk, hadde partiet sentralt ei meir positiv haldning. Og utdanningsministeren, Helge Sivertsen, ville sjølv reise til Karasjok for å sette seg inn i saka og få høre frå begge sider. Blant anna ville han møte skolestyret. Etter lova hadde dengang skolestyrarane rett til å møte på skolestyremøte. Men skolestyreformann Hartvig Norvang, som var blant dei hardaste på fornorskingslinja, nekta skolestyrarane Aarseth og Madsen å møte på møtet med statsråden. Skolesjefen, Lydolf Lind Meløy, møtte på møtet, men tok ikkje med seg protokollen. Han sa: "Dette er ikkje eit skolestyremøte, det er eit møte med nokre av skolestyret sine medlemmar, altså skal det ikkje førast protokoll." Men Rønbeck og Norvang kunne ikkje hindre alle motstandarane sine i å møte. Per Hætta og Randi Madsen, som var medlemmar av skolestyret, argumenterte for samisk i skolen, og Helge Sivertsen erklærte seg samd med dei. No var sjølvsagt ikkje eg til stades på dette møtet, men eg hugsar at mange av oss lærarar satt spente og venta på å få referat straks møtet var over.
Sivertsen ba og om eit møte med lærarane. Der oppfordra han oss til å studere samisk. Eg blei ikkje å følge opp denne oppfordringa, men det var fleire andre som gjorde det, og som seinare tok samisk grunnfag. På kvelden ville Arbeiderpartilaget invitere Sivertsen til møte, men han takka nei, og svarte at han skulle i privat besøk.

Ingen strid i Lærarlaget

- Korleis stilte lærarlaget seg til striden om samisk i skolen?
- Eg var ikkje så aktiv den gongen, men eg var da på nokre møte i Lærarlaget, og eg kan aldri hugse at det var oppe som sak der. Lydolf Lind Meløy var jo sentral i Lærarlaget, men eg kan ikkje hugse at det var nokon diskusjon i lokallaget. No må ein vel seie at dei fleste lærarane var det ein kan kalle pro-samiske.

Slakta sauene for utdanning

- Karasjok var ein av dei første kommunane som innførte 9-årig skole. I Vestfold hadde eg hørt mye negativt om ungdomsskolen, men det var mest ut frå ei samanlikning med den gamle realskolen. I Karasjok betydde innføringa av 9-årig skole derimot at elevar som før ikkje hadde hatt ein sjanse til å få høgare utdanning, no kanskje kunne klare det. Likevel måtte dei framleis ut for å ta gymnas, og det kunne vere økonomisk hardt for mange foreldre. I 1961 gikk første kullet ut av den 9-årige skolen. Ein dag på våren kjem ein far til meg og seier: "Sonen min vil så gjerne gå på gymnaset. Kan du seie meg korleis det er å få lån i Statens lånekasse?" Jo, svarar eg, det skulle vere mogleg. Men eg visste av erfaring at det kunne ta si tid før første utbetalinga kom, det kunne i alle fall drøye til ut i oktober. Da seier faren: "Eg har nokre sauer - dei tenkte eg Arne skulle få." Og Arne må ha fått sauene, for han tok både gymnas og universitet og blei lærar og inspektør ved Samisk videregående skole.
- På denne tida starta arbeidet med å få eit eige samisk gymnas. Eg var med på møte i Karasjok der dette blei diskutert, og der vi sendte brev til departementet om å få samisk gymnas i Karasjok. Da kjente eg verkelig at eg var med på noko viktig.

Blant papira i Steenbuch sin perm frå Karasjok er utgreiingar om samisk gymnas frå Sameforeninga i Karasjok og frå dåverande prest i Tana, Stein Henriksen. - Mange av elevane mine hadde klare meiningar om kva dei ville med utdanning. Eg glømmer aldri ein elev som skreiv i ei norskoppgåve at han ville utdanne seg og komme tilbake og tjene sitt folk. Det fortel mye om tilhørigheit og stoltheit.

Anna slag høfligheit

- Å komme til Karasjok var på mange måtar som å komme til ei anna verd. Eg visste vel ikkje så mye om kva eg gikk til, så eg kan ikkje seie eg blei overraska, men eg såg jo snart at mye i kulturen og veremåten var forskjellig frå det eg var vant med.
Ei historie har sett seg fast i minnet mitt: Det var like etter eg kom til Karasjok, eg var ute og gikk ein tur med sonen min. Så møtte eg på ein mann. - Buore beaivvi, helsa han. - God dag, svara eg. No, kven var så denne framandkaren, ville han vite. Er du lærar? Jo, eg var da det. Og så heldt han fram å spørre, om eg var gift, om eg hadde barn og så vidare. Da han hadde fått svar på det han ville vite, fann eg ut at det var min tur å spørre tilbake. Sidan kjente eg at eg virkelig kjente denne karen. Hadde det vore i Vestfold, hadde eg vel sett på han som høgst uhøflig, nærast frekk, men no forsto eg at det var slik ein her synte interesse for andre menneske.

Eg blei kjent med mange personligheitar. Ein av dei var Per Hætta, som var ein kjent kunstnar og også engasjert forkjempar for samisk språk og kultur. Han kom ein dag til meg og ba om hjelp til å skrive på maskin ein artikkel han gjerne ville ha inn i Dagbladet. Den hadde han illustrert med ein av teikningane sine, teikna med tusj på matpapir. Artikkelen og teikninga kom inn i Dagbladet og som takk for hjelpa fikk eg teikninga, og den har eg enno.

Denne teikninga fikk Sigmund Steenbuch av Per Hætta fordi han hjalp til med å skrive på maskin.

Ein annan var Anders Bær, formann i flyttsameforeninga, ein svært belest mann som følgte interessert med i alle samfunnsspørsmål. Ein dag kom han tuslande inn mens eg låg og kvilte middag. Han kom ganske lydlaust, ettersom han gikk på skallar. Eg reiste meg opp i sofaen og skulle ta imot gjesten. Men han var da mest interessert i å lese i avisa mi som låg på bordet. Så han sette seg ned og leste i avisa, og ikkje lenge etter somna han med avisa over hovudet. Da reflekterte eg litt over ein slik måte å vere på. Så da tenkte eg at eg kunne no gjøre ferdig middagsluren min, så eg la meg og nedpå igjen. Litt etter kom kona mi inn og fann oss sovande begge to. Da kom kaffen på bordet. Det var ein annan måte å vere saman på enn det eg var vant med. Det var ikkje snakk om å banke på døra og vente. Folk var absolutt høflige nok, dei var det bare på ein annan måte.

Ellen Marie Anti var ei flyttsamekvinne som arbeida litt på skolen, bl.a. var ho med på opplæring i reindrift og behandling av reinkjøtt. På vinteren parterte ho ein rein som eg hadde kjøpt og gjorde klar til henging for tørkakjøtt. Ut på våren da kjøttet blei tørt kom ho så på besøk for å smake på korleis kjøttet var blitt. Det opplevde eg og som ein ting som ikkje eg var vant med, men det var jo veldig koselig.

Eg vil seie eg kom i relativt god kontakt med folk på staden i dei tre åra. Men ein kan jo ikkje forvente at folk skulle knytte seg særlig til folk som kom sørfrå og bare var der i 2-3 år. Mye av det eg lærte om folk sitt liv i Karasjok lærte eg indirekte. Eg hadde den gleda å hjelpe Bjørn Aarseth på kontoret hans. Eg hadde gått studentfagkurs og lært maskinskriving etter touch-metoden. Bjørn var sekretær i flyttsameforeninga og eg hjalp til med å reinskrive dokument for dei. Der kan du tru det var mye interessant å lese, både om forhold innafor reindrifta og forholdet til styresmaktene. Slik fikk eg innblikk i ei verd eg elles ikkje kjente til.

Folkeakademi

- Det var ein veldig aktivitet i Karasjok i den tida, med ei masse foreningar. Blant anna hadde vi folkeakademi, og eg satt i styret der. Og du veit der kom det berømte folk fra det store utland for å snakke og synge. Vi som satt i styret traff jo alle disse berømtheitene, og det var jo litt artig. Og ein same som satt i styret, no hugsar eg ikkje namnet hans, joika for ein av desse berømte utlendingane ved kaffebordet. Det var mye anna aktivitet der også, bl.a. amatørteateret. Eg hugsar seinare skoleinspektør Olsen spela Jeppe. Teateret var på norsk, det var vel norsktalande lærarar som hadde tatt initiativet, men det var jo også samar med og spela.

Mens Sigmund Steenbuch pratar om aktivitetane i Karasjok, skyt kona hans, Else inn: - Ja, og så var det blandakor, misjonsforening, husmorgymnastikk og helselag.

Tilbake etter 22 år

- Har du hatt kontakt med tidligare elevar, lærarar og andre frå Karasjok og følgt med på kva dei seier i ettertid om undervisninga på 60-talet?
- Første året etter at eg flytta frå Karasjok sakna eg veldig miljøet. Sjølv skulle eg gjerne vore lenger. Vi flytta fordi eg måtte sørover for å få vidareutdanning og av omsyn til familien. Elles skulle eg gjerne ha blitt.

- Mange år etterpå var eg tilbake i Finnmark ein tur. Dottera mi, som for øvrig er født i Karasjok, arbeida da som sjukepleiar i Kirkenes, og kona og eg ville reise og besøke henne. Så fikk eg brev frå den første klassen eg hadde i Karasjok om at dei skulle samlast til fest, og at eg var invitert. Det var gildt. Derfor veit eg litt om kor det har blitt av nokre av dei elevane eg hadde. Ein del av dei har eg og hørt om og sett i media.

I alle år etter at eg flytta frå Karasjok har eg alltid opna auga når det i aviser står noe om samiske spørsmål eller det har vore til debatt på TV. Eg har alltid synast det har vore noko fascinerande med å følge med på det. Og særlig når det har vore ei så positiv utvikling som det har vore. Det heng nok nokre røter igjen i Karasjok.

Flere artikler fra Samisk skolehistorie 1