Sámegillii In English

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 1. Davvi Girji 2005.

Ivar Skotte:

Erfaringar som norsk lærar i Sameland - inntrykk frå skulen i Polmak på 1950-talet

Først på 1950-talet var Ivar Skotte som ein av svært få i Polmak eigar av ein flott bil.
(Foto utlånt av Ivar Skotte)

Ivar Skotte var frå 1951 til 1953 lærar ved Polmak skole i dåverande Polmak kommune, no del av Deatnu gielda / Tana kommune. Han er født i Lesja i Oppland i 1927, tok artium i Molde 1948 og lærarprøva i Volda 1951.

Etter at Ivar Skotte dro frå Polmak har han tatt vidareutdanning i kroppsøving, pedagogikk, engelsk og landbruk. Han har arbeida i grunnskulen i Skien og Fron i Gudbrandsdalen.

Eg gjekk ut frå studentlina ved Volda lærarskule våren 1951. Det siste halvåret var det mykje snakk om kvar vi ville søkja arbeid. Etter 14 års skulegang var vi veldig motiverte for å koma ut i arbeid – og for å tena pengar. Eg var heilt sikker på kvar eg ville arbeida – nord i landet, i Finnmark. Eg hadde lese ein del om evakueringa og brenninga av landsdelen hausten og vinteren 1944.

Møte med Polmak internat

Sist i juli fekk eg rikstelefon frå skulemyndigheitene i Polmak om eg ved sida av full lærarpost kunne ta stillinga som internatstyrar. Eg sa ja der og da. Vidare var det spørsmål om eg hadde høve til å koma i såpass god tid at eg kunne få nokre dagar saman med den gamle internatstyraren for å kunne setja meg inn i ein del praktiske gjeremål. Slik bar det til at eg nokre dagar seinare kom til internatet i Polmak Det var ikkje så greitt å koma dit. Det var veglaust, så dei siste 15 kilometrane måtte vi nytta elvebåt. Eg fekk her den første praktiske følinga med språkproblema. Båtføraren kunne svært lite norsk, for å seie det forsiktig.

Gutane og jentene på skitur.
(Foto: Ivar Skotte)
Gutane: Idar Sørgård, ?, ?, Erling Pettersen, ?,?.
Jentene: Margit Alette Somby (Anti), Eli Rajala, ?, Marit Johansen, Randi Bertram (Helander), Aslaug Varsi, Eila Andersen.
(Fortel oss dersom de kjenner fleire namn.)

Internatet var ei imponerande bygning. Med sine tre fulle etasjar på høg grunnmur ruvde ho godt i terrenget. Huset var ferdig i 1938 og hadde overlevd krigen og brenninga i 1944. Bygda hadde ikkje elektrisk straum, men internatet hadde eigen lysmotor kalla Sakkeus. Kvifor, veit eg ikkje. I rommet ved sida av motoren var det eit rom med akkumulatorar. Systemet var slik at lysmotoren skulle lade opp batteria. Når dei var fullada, skulle vi ha nok til lys på skulesalane, sovesalane og elles på alle romma i huset, men ikkje til koking og oppvarming. Eg vart fort klar over at stellet av Sakkeus og akkumulatorane vart eit hovudtema i arbeidet som internatstyrar.

Anlegget var meir enn 15 år gamalt, og temmeleg nedslite. Det skulle ikkje kostast på noko, for bygda venta på kraft. Kraftlaget hadde alt starta med stolpereising både til høgspent og fordelingsnett. Internatet hadde anlegg for sentralvarme, som kunne fyrast både med ved og koks. Når vi fyra med ved, måtte eg opp ein gong om natta for å fylla omnen, elles vart det dårleg med varmvatn om morgonen, og det vart kaldt på sovesalar og klasserom. Koks fekk vi tilkøyrd når isen på Tana var sterk nok.

Til vedkapping og anna arbeid som kunne vera farleg, vart det leigd folk frå nabolaget. Elevane hadde ansvaret med å leggja opp veden og til kvar tid ha ansvaret for at det var nok ved på kjøkenet og i fyrrommet. Eg kan ikkje nå minnast at det var problemer knytt til dette arbeidet. Som i ein annan heim, var det naturleg at borna hjalp til med forefallande arbeid. Dette var eg vel vant med frå heime på garden der eg vaks opp.

Ville ikkje ha samisk lærar

Skuleruta var ordna i bolkar på seks veker. Dei 8 klassene vi hadde, vart delte i to grupper. Medan den eine gruppa var heime i seks veker, var den andre på skulen. Etter den tida var det skifte. Dette var tilnærma lik landsskuleordninga med annankvar dags skule. Vi var fire lærarar i full stilling. Eg var den einaste med pedagogisk utdanning. På internatet var det ei husmor og to hushjelper. Den eine hushjelpa var samejente frå bygda. Ho var den eg tydde til når eg kom bort i ting i arbeidet mitt som hadde med samisk å gjera. Husmora snakka ikkje samisk.

Like før skulen starta, mangla vi ein lærar. Skulestyret gjorde skuledirektøren merksam på at ein ungdom frå bygda som snakka samisk, kunne tenkja seg å vera lærar på skulen. Han var student med eit par års praksis som lærar. Men skuledirektøren sa nei. Nokre dagar seinare kom ein ung kvinneleg student frå Oslo. Ho hadde teke artium om våren og kunne sjølsagt ikkje samisk. Dette fortel korleis skulepolitikken i samiske område var på denne tida. All undervisning skulle gå føre seg på norsk.

17. mai blei blant anna feira med potetløp.
(Foto: Ivar Skotte)

Ein del elevar i dei lågare klassene skjøna lite av undervisninga. I storskulen var det noko betre, men der og skorta det mykje på norskforståinga. Slik var det og i den vaksne del av befolkninga. Ei sjølopplevd historie klårgjer dette: Skulestyret bestemte samrøystes at det skulle undervisast i forplantningslære i 7. klasse. Eg skulle undervisa gutane, medan den eldste av dei kvinnelege lærarane skulle undervisa jentene. Vi hadde fått tak i dei plansjane som skulle nyttast. Eg hadde fått innføring i stoffet på lærarskulen. Saman la vi ein enkel og grei plan for undervisninga. Vi syntes vi hadde gjort eit brukbart arbeid. Men ei tid seinare fekk vi nyss om at det gjekk ei protestliste i bygda mot denne undervisninga. Ein av underskrivarane – som og var medlem av skulestyret – møtte eg ein dag og lurte på kvifor. Var det vår måte å undervisa på som var problemet? Å nei, sa han. Dei forstod ikkje ordet forplantningslære.

Først på 50-talet kom Margarethe Wiigs samiske ABC-bok. Først i boka låg den samiske teksta på ei side med den norske teksta på sida rett i mot. Dei to språka hadde kvar si farge. Seinare i boka kom tekstene på same sida. Etter kvart utetter i boka flaut tekstene meir og meir saman. Sist i boka kom det samanhangande tekster på norsk og samisk, men fortsatt i farger. Eg veit at boka seinare er komen i nye opplag. Dette var vel eit teikn i tida at samisk burde brukast som hjelpespråk i norskopplæringa.

DDT mot lus

Hygienen var ein viktig del av arbeidet. Ein ettermiddag for veka var det badedag med badstove og dusj. Eg hadde ansvaret for gutane, medan hushjelpene skulle hjelpa jentene. Etter badinga måtte alle gjennom hårgranskinga. Enkelte elevar hadde lus på seg heimafrå. Dei som hadde lus, fekk ein dusj med DDT-pulver i håret og i underkleda. Sengekleda vart og dusja med dette pulveret. Vi fekk ladningar på 10 kilo i slengen frå apoteket i Vadsø. Nå er det totalforbode å nytta DDT i alle situasjonar, men den gongen var det eit probat middel mot lus. Ennå kan eg kjenna den spesielle lukta av dette pulveret. Vi merka det over alt i huset. På denne tida var eg den mest nytta frisør i bygda. Gutane skulle klyppast "amerikansk". Dei var ikkje heilt viss på kva dette stod for, men eg viste fram bilete av amerikanske soldatar som var nokså kortklypte. Jentene hadde langt hår. Det kunne vera problematisk. Når dei kjemde seg, kom ein del hår ned i vasken og tetta avlaupet. Av denne grunn, og også av hygieniske grunnar, oppfordra vi jentene til å ha kortare hår, men det hadde dei lita lyst til.

Stolte jenter poserer i sjølvsydde klede som avslutning på handarbeidskurset i 1952.
Bak: Inger Marie Olsen (Munkebye), Sigrid Johnsen (Eriksen), Signe (Andersen) Pedersen, Sara (Pettersen) Johansen, Marit Eriksen, Kari Sagen.
Foran: Inger Andersen (Dervola), Inga Johansen, Liv Pedersen, Anna Helander, Káre Risten (Solveig) Trosten (Pettersen)


(Foto: Ivar Skotte)

Pressa ned matbudsjettet

Polmak var statsinternat. Alt som galdt internatdrifta, låg under skuledirektøren i Vadsø. Det som galdt skulen og drifta der, låg under skulestyret i kommunen. Eg hadde difor to arbeidsgjevarar, sidan eg både var internat- og skulestyrar. Det undra meg at eg i det viktige arbeidet som internatstyrar ikkje fekk noko innføring i arbeidet. Kravet var at vi skulle ha pedagogisk utdanning. Nokre dagar før elevane kom til skulen, var eg på skuledirektørkontoret og helsa på Harald Lunde. Eg fekk nokre råd om korleis eg skulle gjera med pengar, rekneskap og slike ting. Eg måtte ha kopi av all korrespondanse, men skrivemaskin hadde han ikkje råd til å gje meg. Difor kjøpte eg maskin sjølv.

Det var mange statsinternat i Finnmark. På alle var det ei husmor som rådde for maten og matbudsjettet. For dei var det ei æressak å driva internatet så billeg som mogeleg. Skuledirektøren sørga for at vi alle fekk greie på kostprisen pr. dag pr. elev. Den som kunne driva billegast, fekk ros. Dette kunne gi seg komiske utslag: Vi var fire vaksne og eit barn som skulle bu på internatet i jula. Eg meinte at vi skulle kjøpa inn litt ekstra juleknask og anna, slik vi var vane med. Men nei, sa husmora, det ville få matbudsjettet til å stiga for mykje. Eg tok da dei ekstrautgiftene på vedlikehaldsbudsjettet. Det hadde eg hand om.

Kosthaldet til dagleg var enkelt. Elevane åt godt og klaga lite. Det var fortsatt rasjonering på ein del matvarer, men vi greidde oss bra. Til tider var det mangel på mjølk. Det var inga mjølkelevering til meieriet, og da produserte ikkje folk meir mjølk enn dei brukte sjølve. Men vi kjøpte sekkar med tørrmjølk og kokte kakao.

Til frukost var det påsmurde brødskiver med mjølk eller kakao til. Det same etter tredje timen. Middag var det rett etter skulen var slutt. Da vart det servert suppe, kjøt eller fisk i ymse fasongar. Tran skulle elevane ha i vintermånadene. Det var eit stort søl. Så fann vi på å setja tranflaskene på middagsbordet slik at dei brukte tran som "saus" på fisken. Det gjekk greitt. Så var det ei eller to skiver rett før lekselesinga byrja klokka fem. Kveldsmaten kom rett etter at lekselesinga var ferdig klokka sju. Da kunne det og koma oppvermde middagsrester. Om kosthaldet var enkelt, var det sundt og nærande. Vi må sjå det på bakgrunn av rasjoneringa, at bygda var utan vegsamband og at økonomien var begrensa. Om vintrane kjøpte vi ein del reinkjøt. Om somrane hende det vi fekk tak i rimeleg laks. Elles kjøpte vi tønner med saltfisk. Det var vanskeleg å få tak i grønsaker. Det var truleg det største saknet – for meg.

Soltid og normaltid

Samane gjekk ikkje etter klokka. Vi hadde to klokkeslett å halda oss til – soltid og normaltid. I Aust-Finnmark kjem dagen meir enn ein time før enn i dei sentrale strok av landet. Difor var det naturleg at dagleglivet fungerte etter soltida. På plakatar stod som regel både soltid og normaltid oppførde. Skulen følgte soltida. Da fekk vi ein relativt lang ettermiddag. Denne fritida hugsar eg elevane nytta godt. Om vinteren gjekk vi mykje på ski. Dei som hadde ski heime, tok dei med til skulen. Skulen fekk tildelt ti par ski frå "Foreningen til skiidrettens fremme"(trur eg foreininga heitte). Vi bygde skibakke like ved skulen. Vi rigga også til eit par lyspærer så vi kunne nytte bakken i den mørke årstida. Dessutan hadde vi ein etter måten bra skuleplass med plass til ymse leikar. Så hadde vi Tana elv og naturen omkring. Om hausten var vi ute og plukka bær. Det vart også eit populært tilskot til matbordet.

Tida mellom kveldsmaten og leggjetid var ei fin tid til inneaktivitetar. Vi hadde sangkor på skulen. Elevane var glade i - og flinke til å syngja. Elevane hadde aldri radio med seg. Dei færraste heimar hadde radio i den tida. Ein gong song vi i kyrkja under ei gravferd. Ein elev døydde i den perioda han var heime, og foreldra ville at vi skulle syngja. Det var ein god måte - også for elevane - til å få ta farvel med ein venn og skulekamerat.

Mellom klokka fem og sju var det lekselesing for alle. Ein av lærarane skulle vera til stades for å halda ro, og for å hjelpa dei som hadde behov for det. Vi var bestemte på at alle måtte vera inne desse to timane. Dei som vart fort ferdige med leksene sine, fekk andre ting å gjera. Det var mange som trengde hjelp. Eg meiner å hugsa at dei eldre elevane var flinke til å hjelpa dei yngre. Eg hugsar spesielt ei jente i sjuande klasse som hadde to yngre syskjen på internatet. Ho var som ei mor for dei. Og det kunne saktens trengjast. Eg hugsar vel gråten frå førsteklassingar når dei stod att åleine etter at foreldra var gått. Men heldigvis hadde vi samiske hushjelper som kunne snakka med dei på eit målføre dei forstod. Men korleis var det å vera lærar for desse barna som ikkje skjøna språket det vart undervist på? Nå var det ein del elevar som snakka og forstod både norsk og samisk. Dei vart ofte nytta som tolk. Ein måtte ta i bruk alle dei pedagogiske rådgjerder ein visste om. Det hende vel og at ein måtte ta i bruk utradisjonelle metodar.

Vi hadde eit problem haust og vår når isen på Tana var utrygg å ferdast på. Polmak tettstad låg på den andre sida av elva enn skulen og internatet. Da måtte elevane derifrå bu på internatet. Det var umogleg på førehand å veta kor lenge vi kom til å bli isolerte. Vi måtte ha rikeleg med mat innomhus. Vi kunne ikkje koma korkje til butikken, posten eller dei kommunale kontora. Når isen var trygg om hausten, eller når isen var gått om våren, kunne vi leva normalt att. Når isen gjekk opp om våren, var det folkefest. Da kunne folka ta ut båten, og snart kom laksen! Vi på skulen var spent på om elva vart farbar til syttande mai slik at heile bygda kunne feira dagen saman.

Kva vi vaksne gjorde på fritida? Lensmannen og kona hans var musikkinteresserte, og dei fekk laga ein slags kvartett. Dette hadde vi mykje glede av. Lensmannen sjølv trakterte trekkspel, mandolin og trompet. Kona spelte gitar. Styraren på samvirkelaget spela trekkspel, og eg stilte med gitar. Vi debuterte i syttandemai-toget. Eg meiner å hugsa at vi i samband med private tilstelningar spelte til dans. Elles var det eit levande bridgemiljø i bygda. Vi var 16 spelarar fordelt på fire bord. Sjølv var eg nybyrjar på dette området, men eg hadde ein tålmodig og flink makkar. Det var morosamt og veldig sosialt.

Sjikanering på samisk

Elevane som budde på internatet, kom frå heile kommunen utanom Sirma. Der hadde dei eigen skule og eige internat. Elevane levde tett på kvarandre heile døgeret. Til vanleg reiste dei heim i helgene. Dei små tok følgje med dei store. Ofte kom og foreldra og henta. Med det hende det var så dårleg ver at ungane måtte vera på internatet. Når mange barn er samla over lengre tid, vil det ofte bli erting (mobbing), knuffing og slåssing. Det var ikkje så greitt for oss vaksne å gå inn i konfliktene, for all munnleg sjikanering gjekk føre seg på samisk. For alt vi veit, kunne vi bli sjikannert på eit språk vi ikkje skjøna. Vi forstod heller ikkje når elevane nytta ukvemsord mot kvarandre. Men kroppsspråket fortalde ofte meir enn ord. Problemet er at offeret ikkje vil – eller tør – søkja hjelp hos foreldre eller lærar. Mobbaren går fri. Når ein vaksen går inn for å mekla, kjem det samstemt frå alle partar: "Det er berre leik". Dette seier også offeret, sjølv om kroppsspråket seier det stikk motsette.

Skuleposten i Polmak var den første eg hadde etter endt utdanning. Eg hadde ikkje praktisk røynsle i å takle problema som kunne oppstå. Nå, etter meir enn 40 års røynsle frå første til tiande klasse, kan eg sjå ting på ein annan måte. Skule med internat var nytt for meg. Eg såg heller ikkje noko anna alternativ for ein kommune utan vegsamband. Det var for langt for elevane å gå. Eg veit at i enkelte grisgrendte strok var det nytta privat innkvartering. Det var neppe noko alternativ for Polmak. Ein må vel ha lov til å seia at skule med innkvartering på internat var beste løysinga for å gi borna ein tilnærma normal skulegang.

Flere artikler fra Samisk skolehistorie 1