Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Lydolf Lind Meløy:

Samisk som undervisningsspråk ved einskilde skolar i Finnmark og opplæring i samisk ved Tromsø lærarskole

Lydolf Lind Meløy som skoledirektør på inspeksjon på Skoganvarre skole på 1960-talet
(Foto: Richard Bergh)

Lydolf Lind Meløy (1908–1999) var oppvokst i Vesterålen og kom som lærar til Kautokeino i 1937. Da han skreiv dette brevet var han skoleinspektør i Karasjok. Seinare blei han formann i Norsk lærerlag og i 1968–78 var han skoledirektør i Finnmark. Meløy skreiv ei rekke bøker om skolespørsmål, bl.a. Internatliv i Finnmark og historia til Norsk lærerlag og lærerlaga i Finnmark, Troms og Nordland.

Skoledirektøren i Finnmark, Vadsø

Samisk som undervisningsspråk ved einskilde skolar i Finnmark og opplæring i samisk ved Tromsø lærarskole

I samsvar med oppmoding gir eg denne fråsegna:

Når ein skal gjøre seg opp ei meining om kva rom samiskopplæringa skal ha ved ein lærarskole og kva mål ein skal setje for denne undervisninga, må ein først ha klart føre seg kva føremål ho skal tene. Dette kan ein ikkje utan å ta stilling til kva rom det samisk språk skal ha ved folkeskolen i reine samiske og språkblanda skole krinsar.

På eine sida har ein dei som meiner at samisk ikkje skal brukast korkje som hovudspråk eller som hjelpespråk i skolen. Borna skal nok få lov til å bruke samisk seg imellom, men all kontakt mellom barnet og læraren og mellom barnet og boka skal gå ført seg på norsk. Dette vil føre til at borna snøgt lærer norsk. På den andre sida har ein dei som vil gjere opplæringa i samisk til eit mål i seg sjølv og så legge norskundervisninga inn i undervisningsplanen på same måte som ein gjer med eit framandt språk berre med eit større timetal.

Det treng ikkje vere tvil om at den førstnemnde vegen vil føre til eit bra resultat for dei fleste elevar når det gjeld norskopplæringa. Somme elevar vil nå like langt som sine norsktalande jamaldringar, - men ein stor prosent - mykje større enn ved andre skolar i landet - vil når dei er ferdige med dei sju åra på folkeskolen ha svært lite att for strevet. Metoden krev ellers meir enn vanleg dugande lærarar om han skal bli vellukka,– lærarar som kan bruke alle tenkjelege middel til å få borna til å skjønne att som blir gjennomgått. No når ein må bruke mange ikkje faglærte 1ærarar og serleg i avsides krinsar der norskkunnskapane er små, er denne vegen etter mitt skjønn heilt uforsvarleg. Ei anna innvending mot å reindyrke denne lina er at ein då må bruke all undervisningstid dei første åra til å putte inn norskkunnskapar, og at den verkelege oppsedinga av den grunn kan bli forsømt. Religionsundervisninga vil såleis ikkje få stor verdi. Ein kan ikkje vente at moralske grunnsetninger som kjem til ein i ein framand språkdrakt, skal søkke serleg djupt i sinnet.

På den andre sida om ein går så langt som til å gjere samisk til hovudspråk i munnleg og skriftleg opplæring dei første skoleåra, så vil dette etter mitt skjønn svekke norskopplæringa og gjere vanskane for samisk ungdom større enn dei elles treng vere. Vi skal ikkje undervurdere vanskane med å 1ære å skrive samisk. Det vil minst ta like lang tid som for norsktalande barn å 1ære å skrive sitt morsmål. Likevel kan ein seie at dersom den samiske kulturkrins og det samiske språkområde kunne ha von om å skape sin eigen litteratur, sine eigne aviser og i det heile sitt eige åndsliv med samisk språk som uttrykksmiddel, så ville dette vere den rette vegen. Det vil vere urealistiske å tru at utviklinga vil føre til eit slikt resultat enda om skolen freista hjelpe fram ei slik utvikling.

Den lina i språkspørsmålet som til denne tid har vore godkjent av styremaktene - nemleg norsk som hovudspråk med samisk som hjelpespråk- har ikkje gitt så dårleg resultat der ho verkeleg har vore praktisert, at det er grunn til å skifte kurs dersom målet framleis er ei best mogleg norskopplæring. Ein skal og vere merksam på at ein først no er på veg til å få dei hjelpebøker som skal gjere denne opplæringa effektiv, ABC-bok og lesebok med dobbel tekst. Ein kan legge til at det og må kome ei 1ærebok i norsk skriftleg som bygger på det ordtilfang som desse to lesebøkene har. I Kautokeino der eg før krigen hadde høve til å sjå det gode resultatet både flyttsamebarn og andre kunne nå fram til etter sju års folkeskole med 14 veker pr.år, var samisk brukt som hjelpespråk i småskolen og delvis i storskolen og. Ein kan nemne at dei fleste borna før dei slutta folkeskolen kunne skrive stil på eit tolleg bra norsk og føre ein samtale om emne som dei elles hadde kjennskap til. Hjelpespråket blei brukt til å sikre seg at borna skjønte innhaldet i det dei leste på norsk og dessutan etter fritt val i religionsopplæringa. I Karasjok har eg etter krigen hatt høve til å ta som andre klasse eit årskull som det første året har hatt ei 1ærarinne som har nytta samisk som hjelpespråk i munnleg undervisning. Borna var komne utruleg langt både i mekanisk lesing og i å skjønne det dei leste. Det avgjerande for kva resultat ein skal nå fram til når ein 1ærar først kan så mykje samisk at han kan nytte det som hjelpespråk, er om han har viljen også til å bruke norsk og ikkje let seg lokke av det lettvinte i å alltid bruke samisk i munnleg undervisning.

Korleis ei slik undervisning verkar på barnet er det vanskeleg å seie noko visst om då det ikkje kan målast. At det på nokon måte skader barnet at ei meining eller eit visst innheld blir gitt to språklege uttrykk, er lite truleg. At det er ei dårleg form for språkundervisning, saknar ein og prov for. Den doble teksten er ikkje til hinder for at ein brukar den direkte metoden i sjølve undervisninga, -men han skal vere ei trygd for at borna skal kjenne tydinga av kvart norsk ord dei les. Har dei glømt tydinga, er det alltid høve til å sjå etter. Likevel må ein slik som i all undervisning i folkeskolen, nytte tingen sjølv, ein plansje eller ei teikning for å gjere undervisninga så levande som råd er. Den beste metode til å lære å lese etter i samisktalande klassar trur eg er den såkalla ordbilet- metoden.

Dersom ein skal utsette all norskundervisning til ho kan bli bygt på eit grammatikalsk kjennskap til eige sprek, kan norskundervisninga ikkje ta til før i 5. eller 6. skoleår. Derved misser ein dei åra til å lære norsk i då borna har minst redsle for å legge i veg å bruke den kunnskap dei har. Å tru at kunnskapane i skriftleg samisk kan bli så store etter eitt eller to års skolegang at dei i seg sjølv kan gi noko grunnlag for overgang til eit framandt språk, er å undervurdere vanskane med å lære morsmålet.

Til dette kjem at innføring av samisk skriftleg i folkeskolen med ein gong vil kløyve barneflokken ved skolane i dei språkblanda distrikta, -ei kløyving som samane sjølv ikkje ynskjer, men tvertom er redd.

Ut frå det synspunkt at norsk fremleis skal vere hovudspråket og samisk hjelpespråk, må ein etter mitt skjønn også planlegge samiskopplæringa for lærarar. Målet med opplæringa bør først og fremst vere å lære å lese samisk og å kunne føre ein samtale om daglegdagse emne på dette språket. Det som er naudsynleg å kunne av grammatikk for å greie dette må takast med.

Elles vil eg uttale som mitt syn at samiskundervisninga for lærarar, bør gå føre seg etter endt lærarutdaning og for lærarar som alt er tilsett i strok der dei får bruk for denne utdanninga. Grunnene for dette er fleire:

Fagtrengsla ved lærarskolen er alt så stor at eit nytt og så pass vanskeleg fag vil auke byrdene alt for mykje. Det kan og bli til at faget ikkje blir serleg påakta. Skal ein sløyfe andre fag for å ta samisk, vil vitnemålet for desse elevane ikkje få den same verdi alle stader i landet. Betre tilgang på elevar til lærerskolane frå samedistrikta vil i nokon monn lette arbeidet med samiskpplæringa anten ho blir lagt inn i lærerskoleplanen eller ikkje. Desse lærarane må og ha ei utdanning som kan gi høve til å søkje poster kvar som helst i landet. Ein kan derfor heller ikkje for desse minke fagkrinsen for å kunne gi rom for samisk som fag. På den andre sida vil samisktalande lærarar ikkje ha bruk for så lang undervisningstid i samisk dersom ein ikkje også krev at det skal gis ei inngåande skriftleg undervisning i faget.

For lærarar som ikkje tidlegare har kjennskap til samisk, vil truleg eit halvt års studium gi eit bra grunnlag i faget til å bygge vidare på. Dette kjem vel til å svara til den tid for utdanning i samisk som prestane har. For lærarar som alt arbeider i postar der det trengs samiskkunnskap, må det som før bli høve til å gjennomgå kurs som er skipa til anten på staden der vedk. har arbeidet eller ved Tromsø lærarskole. Ein kunne og skipe til desse kursa som sommarkurs. Kursa må vere utan utgift for lærarane.

Ved alle kurs som blir skipa til bør metodikk i norskundervisning for barn med samisk som morsmål, gå inn som fag då utnyttinga av samiskkunnskapane er like viktige som sjølve kunnskapane.

Karasjok, 3. januar 1950.

L. Lind Meløy

Samisk skolehistorie 6