Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 2. Davvi Girji 2007.

Ánte Mihkkal Gaup:

Reindriftsopplæringa er utvatna

Fortalt til Svein Lund

Ánte Mihkkal Gaup i sitt rette element.
(Foto: SVSRS)

Ánte Mihkkal Gaup (Iŋgor Ántte Ánte Mihkkal) arbeider som lærar ved Samisk videregående skole og reindriftsskole. Han er født i 1955 og oppvokst i Guovdageaidnu. Ánte Mihkkal har arbeida som lærar ved Kautokeino barneskole og Sameskolen i Troms, med læremiddelutvikling for Samisk utdanningsråd og som språkkonsulent i Guovdageainnu suohkan / Kautokeino kommune.

Ánte Mihkkal er og kjent som ein flink joikar. Han har deltatt i mange konsertar, gitt ut fleire plater og undervist i joiking, bl.a. ved Samisk høgskole.

Artikkelen er bygd på samtalar vinteren 2003/04.

Frå reindrifta til reindriftsskolen

– Eg er oppvokst i reindrifta og har alltid likt å arbeide med rein og vere ute i naturen. Sjølv om far min var svært knytta til reindrifta, oppfordra han meg til å gå skolar. Eg var mest interessert i å arbeide med rein, men dro likevel på gymnas og seinare på høgskole og utdanna meg til lærar. Da eg kom tilbake begynte eg å arbeide i grunnskolen. Mens eg arbeidde der, og seinare i kommunen, forsøkte eg heile tida å finne arbeid der eg kunne ha kontakt med reindrifta.

Bror min, Mathis, arbeider i reindrifta, og frå reindriftsskolen flytta til Guovdageaidnu i 1981 var han knytta til skolen som praksislærar i reindrift. Derfor fikk eg høre mye om reindriftsskolen. Det virka for meg som ein veldig interessant skole, og eg tenkte på korleis det ville vere å arbeide der. Så fikk eg sjansen da vidaregåande skole i 1992 trengte samisklærar. Eg heldt nettopp da på med samisk mellomfag, og det høvde slik at eg kunne begynne der midt i skoleåret.

Det var noko heilt anna enn å arbeide i grunnskolen. For meg var det på eit vis som å vende tilbake til reindrifta og det eg hadde opplevd i barndommen, men langt på veg glømt. Eg er svært glad for at reindriftsskolen finst og vonar at der kan eg gjøre noko nyttig for reindrifta og. Sjølv har eg lært veldig mye her. På reindriftsskolen har eg fått gjenopplive ord og seiemåtar som eg hadde glømt. Den som kan fagspråket, veit og mye om å bergast i reindrifta og i naturen. Derfor er det veldig viktig at vi har slike bøker som Bohccuid luhtte [Nils Isak Eira: Bohccuid luhtte. Dat 1994. Tittelen ville på norsk blitt omtrent «Hos reinen», men boka finst bare på samisk.] , som viser fagspråket i reindrifta. Men meir og meir har eg oppdaga at enno viktigare er dei levande læremidlene; folk som arbeider i og kjenner reindrifta.

Eg har forsøkt så langt som råd å trekke folk frå bygda inn i skolen, særlig eldre folk med erfaring frå reindrifta og naturen. Men da opplever vi ofte ein kollisjon mellom skolens måte å tenke på og den tradisjonelle opplæringa gjennom praksis. Eg hugsar ein gong like etter at eg hadde begynt som hovedlærar for reindrift. Skoleleinga hadde innskjerpa kor naudsynt det var å ha ein plan for alt. Så hadde vi leigd inn ein eldre kar frå bygda som skulle lære reindriftselevane garnfiske under isen (juoŋasteapmi). Eg prøvde meg med at vi måtte planlegge korleis vi skulle organisere dagen, men gjestelæraren avbraut meg raskt: – Maid biru dainna plánain? Plána gal šaddá doppe jávrris go mii álgit! (Kva farken skal vi med denne planen? Plan blir det nok der oppe på vatnet når vi begynner!)

Ved sida av samisk har eg fått undervise i kulturfag for reindriftslinja, og det syns eg er svært artig. Elevane skal bli stolte av bakgrunnen og kulturen sin. På det grunnlaget skal dei kunne finne ut kva som er rikdomar i andre kulturar og kunne samanlikne. Læreplanen for kulturfaget er no så som så. Etter mi meining burde han ha vore fullstendig revidert. Det skulle vore meir om kulturmøte i dag, ikkje bare om historie. Det er greitt å vite om korleis dei ofra i gamle dagar og kva dei ofra og slikt. Men vi må ha eit perspektiv i forhold til notida, for folk skal klare seg i dag. Da må vi tore å vise kulturen vår slik som han er.

Det er ikke bare reindrift man lærer på reindriftsskolen, men også tradisjonell allsidig bruk av naturen. Her er elevene Ante Johan Oskal og Risten Marie Buljo i ferd med å fiske med garn under isen (juoŋasteapmi).
(Foto: SVSRS)

Reindriftsopplæringa utvatna

Sjølv er eg veldig nøgd med at eg har fått arbeide på reindriftsskolen. Men eg er ikkje nøgd med den utviklinga som har vore på skolen. Eg må seie at reindriftsopplæringa har blitt kraftig utvatna etter at ho kom inn under vidaregåande skole.

Noko som har øydelagt for reindriftsutdanninga er dei reformene og læreplanane som blir tredd ned over oss frå sentralt hald. Det finst ikkje lenger eige grunnkurs i reindrift, men felles læreplan for naturbruksfag. Vi har ikkje fått påverke denne læreplanen, men vi har høve til å gjøre tilpassingar, f.eks. legg vi vekt på reindrift, mens ein i Honningsvåg kan legge vekt på fiske og fiskeoppdrett.

Elevar og lærarar ved reindriftsskolen 1996/97
Bak f.v.: Nils Anta Samuel Magga, Isak Ante Kemi, Anne Nesbakken, Inge Andersen, Ante A. Sara, Isak Nils A. Eira, Thorbjørn Larsen, Marit Rávdná Buljo. Foran: Johan Mathis Buljo, Mats Steinfjell, Rávdná Triumf, Ánte Mihkkal Gaup, Nancy Porsanger.

(Foto: Bente Hætta)

Det var likevel ei sak som var bra med Reform 94 i forhold til det vi hadde før: Vi fikk gjennomføre praktisk/munnlig eksamen. Da fikk elevane virkelig vist kva dei kunne, og det har vore svært gode karakterar. Det viser at den praktiske og munnlige kulturen er levande blant samane. Skriftkulturen er storsamfunnet sin kultur. Derfor er det ikkje nok at samiske elevar får lov å skrive eksamen på samisk, det er da framleis på storsamfunnet sine vilkår. Etter mi meining skal samiske skolar arrangere prøver og eksamenar slik at dei er praktisk/munnlige.

Særlig har det gått gal veg med praksisopplæringa. Før hadde vi ein fast siida som vi kjente [siida = reinby, familiar som driv reindrift i lag], men no har vi ikkje det lenger. Før hadde vi fast praksislærar. No drar klassa ut til forskjellige stadar. Skolen utlyser anbod på undervisning i visse emner og kjøper det billigaste tilbodet. Men billigast er ikkje alltid best. Neste år er det så ein ny reinflokk og nye folk. Etter mi meining bør ein ha avtale for meir enn eitt år, slik at skolen får bli kjent med dei før det skiftar igjen. Det er ein form for privatisering av opplæringa og det er ikkje bra. Det er mogleg at skolen kan spare litt pengar, men det er langt meir administrasjonsarbeid for oss og mindre læring for elevane. Denne endringa kom frå adminstrasjonen på skolen. På reindriftsavdelinga har vi aldri ønska det slik. Administrasjonen sitt argument er at elevane må utvide kunnskapen sin og bli kjent med mange driftsmåtar og flokkar, ikkje bare ein. Eg er ikkje samd i dette. Denne ordninga er heller aldri blitt skikkelig evaluert.

I mange år har vi forsøkt å få eit eige utmarksområde, der vi kan drive forskjellige uteaktivitetar. Tanken var at vi skulle ha avtale med ein reineigar, som da fikk ha flokken sin på beite i dette området. Men det har ikkje vore mogleg å gjennomføre. Flyttsameforeninga har gått imot det. Og skolen sin administrasjon har vore så som så, og der har det stansa opp. Men no er saka igjen aktuell, no som landbruksministeren har lova pengar til eit kompetansesenter for reindrift. Og det vil ikkje kunne fungere utan eit slikt utmarksområde der ein kan arbeide med forskjellig arbeid knytta til reindrift og utnytting av utmarka.

Det har tidligare vore svært vanskelig å motivere reindriftsungdom til å ta vidareutdanning. Derfor er reindriftsskolen så viktig. Der kan ungdom få opplæring som er knytta til deira eigen bakgrunn, sjølv om det ikkje er plass til alle i reindrifta. Vi ser at sjølv om det går nedover med reindrifta, så aukar søkinga til reindriftslinja. Dette året (skoleåret 2003/04) har det vore svært stor søking, så mye at skolen for første gong måtte sette i gang to grunnkurs. Eg trur at hovudårsaka til det er lærlingeordninga som no har kome – at ein kan ta fagbrev i reindrift. Nesten alle desse elevane kjem frå reindriftsfamiliar, men bare ein liten del av dei veit dei vil kunne overta ei driftseining. No har det søkt langt fleire jenter enn tidligare, nesten halvparten av elevane er jenter. Det er veldig artig. Det første året eg underviste på reindriftsskolen var det bare ei jente i klassen.

Nordisk samarbeid

Da eg begynte å arbeide på reindriftsskolen hadde vi ingen form for kontakt med andre land. Vi snakka om at det burde vi ha, men det drøydde før det blei noko av. For 4–5 år sidan var vi to lærarar som søkte om og fikk utviklingsmiddel til samarbeid med samiske vidaregåande skolar i andre land. Først tok vi kontakt med Sámi oahpahusguovddáš (SOG – Samisk utdanningssenter) i Inari. Grunnkurset vårt fikk komme dit og vere ei veke og lære å slakte. Der hadde dei mye betre forhold for reinslakting enn vi har her. Som eg har fortalt har skolen her ikkje slikt utstyr. No har vi reist dit i fire år på rad, og det har fungert bra. Og i fjor utvida vi slik at elevane også fikk lære kjøttskjæring der.

Slakteopplæring ved det samiske opplæringssenteret i Inari. Her lærer Jon Inge Eira avliving med slaktepistol.
(Foto: SVSRS)
Da dette intervjuet blei tatt, hadde ennå ikke elevene fra reindriftsskolen vært i Russland, men det skjedde året etter. Her er elever og lærere i Lujavri 2005/06. Fra venstre: Ole Johnny Eriksen, Kristian Solbakken, Nils Ailu Kemi, Per Inge Andersen, Klemet I. Hætta, Per Inge Johansen, Ante Mihkkal Gaup.
(Foto: SJSBS)

SOG har i eit tiår samarbeida med ein skole på russisk side, i Lujávri (Lovozero). Elevane frå Russland har og fått lære slakting i Inari. I fjor var klassa vår for første gang i Lujávri. Vi var der da det samiske kulturhuset Čum blei innvia. I år skal vi dit igjen, no drar vi når dei har vintermarknad der borte.

Kvart år er ei klasse frå Inari her i Guovdageaidnu ei veke. Det er ikkje naturbruksklassa, men linja for samisk språk og kultur. For dei er det viktig å komme hit der samisk er hovudspråk og få kan finsk. Frå Russland har elevane enno ikkje vore her, bare skoleleiinga.

Vi arbeider no for at også Samernas utbildningscenter i Jokkmokk skal komme med i samarbeidet. Draumen vår er å lage ein felles samisk læreplan, og at undervisninga skal vere på samisk. Men i røynda er det slik at det er riksspråka som dominerer. Slik er det i alle fire landa. I Inari er det slik at dei som til vanlig driv slakteopplæringa ikkje snakkar anna enn finsk, og når vi er der borte må dei leige inn ein samisktalande lærer.

I år har vi ein elev frå Finland på naturbruk grunnkurs. Denne eleven kan lite norsk og derfor har skolen måtta organisere det slik at denne klassen får all undervisning på samisk. Slik virkar samarbeidet over grensene til å styrke bruken av samisk språk i skolen.

Raud strek over reindriftskulturen?

Mange reindriftssamar seier at ein ikkje kan lære reindrift på skolen. Og eg forstår godt den tankegangen. Det som vi driv med på skolen er jo ikkje verkelig reindrift, det er ikkje den verkelige verda, men ein slags fiktiv reindrift. Vi underviser sjølvsagt teori, men praktisk reindrift må ein lære i arbeid hos flokken og på vidda.

Reindriftsskolen skal ikkje bare undervise om reindrifta slik ho er i dag, men og skape haldningar. Derfor må vi i skolen forsøke å motvirke uheldige utviklingstrekk i næringa. Vi må streve etter å halde oppe kunnskapen. Elevane skal kjenne øyremerka, og kunne faguttrykk om bl.a. pels, hår og om beitelandet. Ei viktig årsak til at kunnskapen er i ferd med å bli borte, er bruken av motorkjøretøy. Ungdommen legg ikkje lenger merke til kor dei er, observasjonsevnen er i ferd med å forsvinne. Eg ønsker at vi skal undervise om det å vere merksam i forhold til naturen og reinen. Men det er ikkje nemnd i læreplanen.

Dessverre ser eg at i dagens reindriftsnæring er ikkje reinen sine eigne behov like mye i sentrum som før. Det er ei form for fornorsking av tenkinga i reindrifta. Om no også bruken av øyremerke forsvinn og blir erstatta av bare nummer, da kan ein sette ein raud strek over reindriftskulturen. Da er ikkje lenger reindrifta den viktige samiske kulturbæraren som ho har vore.

No er eg redd for den nye skolereforma. Etter det eg har sett, fell reindriftsfag fullstendig bort. Det går den vegen at dei samiske faga forsvinn. Etter mi meining er reindriftsopplæringa sine vilkår innafor vidaregåande skole blitt så dårlige at vi må reise spørsmålet om vi må ha ein heilt eigen reindriftsskole.

Andre artikler i Samisk skolehistorie 2