Åarjelh-saemien gielesne Davvisámegillii In English

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 1. Davvi Girji 2005.

Albert Jåma:

Mellom skolen og reindrifta

Fortalt til Svein Lund

Albert Jåma, Trones i Namdalen, 2003.
(foto: SL)

Albert Jåma er født i 1946 og oppvokst i reindriftsmiljø. Om vinteren heldt familien til på dei kystnære områda i Namdalen, og om sommaren i dei høgareliggande fjellområda lenger inne i nordre del av Nord-Trøndelag. I dag driv han sjølv reindrift i dette området. Her fortel han om skolegangen sin og livet i skytteltrafikk mellom skolen og reindrifta.

Far til Albert, Anselm Jåma, var ein aktiv forkjempar for sørsamisk skolesak. Han var i ei årrekke leiar for sørsamane sin skolekomite. For den sterke innsatsen hans for den samiske skolen og andre samiske forhold, vart han tildelt Kongens gull i 1968. Skolekomiteen var blitt starta allereie i 1902, men blei lagt ned 1947 da styresmaktene lova at det skulle bli bygd statlig internatskole for sørsamar. Men da den provisoriske skolen som i 1951 vart sett i gang i Hattfjelldal ikkje var det sørsamane hadde kjempa for, vart komiteen reorganisert i 1953. Det var mest samane i Trøndelag og Hedmark som deltok i denne komiteen. Dei fleste samane i Hattfjelldal og Vefsn var redde for at oppretting av ein ny sameskole i Trøndelag ville føre til at dei mista det tilbodet dei no hadde i Hattfjelldal. Det skulle ta lang til før arbeidet til skolekomiteen førte til konkrete resultat. Sameskolen i Snåsa blei først innvia i 1968.

Albert sin 4 år eldre bror gikk dei første skoleåra på den gamle finnemisjonsskolen i Havika. Sjølv fikk Albert heile folkeskolen på Sameskolen i Hattfjelldal frå 1953-60. Da han starta, var det såleis tredje året skolen var i drift.

- Det var ein ganske provisorisk skole som møtte oss i Hattfjelldal. Den var bygd av tyskarane under 2. verdskrigen som offiserskaserne. Etter krigen vart bygget tatt i bruk til hotell. Skolen leigde dette bygget i skoleåret, mens det vart dreve som hotell om sommaren. Hotelleigaren budde på skolen og passa på hotellutstyret sitt dei tre-fire første åra.

Kvifor sameskole utan samisk?

- Eg kunne både samisk og norsk rimeleg godt da eg byrja på skolen. Eg hadde ikkje problem med forståinga. Andre elevar hadde problem. Det var ganske mange som kunne dårleg norsk. Ingen av lærarane kunne samisk, forutan Ella Holm Bull. Ho var der ei stund som nyutdanna lærar, hadde småskolen, 1.-2. klasse, men eg hadde aldri ho. Sjølv opplevde eg aldri ein samisktalande lærar. Det var eit sakn. Vi spurte kvarandre kvifor vi går på ein sameskole når vi ikkje lærer samisk. Sjølv da det blei lov å undervise på samisk, skjedde det ikkje noko endring i Hattfjelldal. Eg hugsar at vi leste Margarethe Wiigs samiske ABC, på norsk.

Heile tida som eg var på sameskolen var det derimot husmor som kunne snakke samisk. Først var det Maja Staven (Lifjell) til vi gikk i 4. klasse, deretter Sofie Kappfjell. Det var og noko anna internatbetjening som snakka samisk, bl.a. Skjolvor Joma. Åsta Larsen jobba og der ei kort tid.

Dei fleste elevane kom frå reindriftsfamiliar, og skoleåret var tilpassa reindrifta. Det var viktig for at vi ikkje skulle miste kontakten med røtene. Dei tre første åra gikk vi bare før jul, ca. 16 veker med 6 dagar i veka. Storskolen gikk i vårhalvåret, ca. 22 veker. Vi hadde dermed mindre timar enn bygdeskolen i Hattfjelldal, og eg mins at bygdeungane misunte oss som hadde så mye fri.

Trass i mangelen på samisk språk og innhald, har Albert i ettertid mye positivt å seie om skolen han gikk på:
- Skolen ga ei fellesskapskjensle. Vi måtte ta ansvar for kvarandre og utvikla solidariteten. Fagmessig og miljømessig var det ein god skole. Nokre gongar var der kunnskapstevlingar mellom skolane i Hattfjelldal, og oftast var det sameskolen som vann. Også i skiløypa og hoppbakken låg skolen i tet.

Mor mi var med i tilsynsrådet for skolen, som einaste kvinne. Det kan ikkje ha vore så lett i den tida, for rådet var dominert av mannfolk i sterke posisjonar som sokneprest og distriktslege. Dei likte visst ikkje alltid at eit kvinnfolk utan like høg utdanning og byrd skulle fremme eigne meiningar.

Skidag med bålkos ca .1960, Albert Jåma til venstre.
(Foto: Grete Austad)

Miljøskadde på bygdeskolane

På 50- og 60-talet var det ei nådelaus og tøff tid i bygdene. Bondeungane erta og plaga "finnungane". Mange av sameungane, kanskje dei fleste, som gikk på bygdeskolane måtte fornekte seg sjølve for i det heile tatt å overleve. Eg trur ikkje vi hadde berga identiteten vår om vi ikkje hadde hatt sameskolen. Eg vil seie det så sterkt at skulle eg ha gått på bygdeskolen på Høylandet, hadde eg vorte mentalt forkvakla. Eg meiner at mange av dei som gikk på bygdeskolane vart miljøskadde sett frå ein samisk ståstad. Dei vart fråtekne den samiske tankegangen, dei tenker ikkje lenger fellesskap, men individualisme. I samisk tankegang høyrer landskapet til felleseiget. Det er verken ditt eller mitt, men vårt og alle slektningane sitt. Det er bondetenking å hevde privat eigedomsrett til område. Noko slikt var heilt uhørt i samisk tankegang på den tida.

Reindriftsskole med kulturkollisjon

Etter sameskolen var det mange samiske elevar som fortsatte på framhaldskolen i Hattfjelldal. Men Albert var først heime eit år og var med i reindrifta før han dro tilbake til Hattfjelldal og tok framhaldskolen vinteren 1961-62. Etter enno eit år heime og på fjellet, bar det til Rørvik på statsrealskole i to år, og så jobba han med rein heime i fem år før det vart meir skole.

I 1968 starta Statens Reindriftsskole på Borkenes ved Harstad, og Albert vart tatt opp som elev. Han skulle sjølvsagt ha byrja på hausten i lag med dei andre, men da var det så mykje å gjøre i reindrifta at han kom seg ikkje frå.

- Eg fikk dispensasjon til å vere heime heile hausten, eg var i fjellet heile tida. Så møtte eg i januar med ordre om å jobbe hardt for å ta dei andre igjen. Det einaste som i grunnen var nytt i fagkrinsen, var geologi, jordbotnslære og husdyrlære. Det handla om grasproduksjon og ku, typiske landbruksskolefag. Men det vart ikkje lagt særleg stor vekt på desse faga. Bokføring var eit nytt fag for dei fleste, men det hadde eg heldigvis frå realskolen, så det gikk greitt å ta igjen det forsømte. Resten var for det meste kjent stoff.

Det var nesten bare gutar i klassen, bare ei jente. Elevane kom både frå sørsamiske område og frå Troms og Finnmark. Det var god kontakt mellom nord- og sørsamar. Denne kontakten gikk alltid på norsk, for vi forsto ikkje kvarandre sin samisk. Dei nordsamiske elevane kunne godt norsk, eg hugsar bare ein som kanskje hadde litt språkproblem.

- Reindriftsskolen låg i ei norsk jordbruksbygd og var plassert under ein gartnarskole. Dette måtte vel føre til litt kulturkollisjonar?
- Det hadde visst vore nokre vanskar på hausten, før eg kom, både på skolen og ute i bygda. Det var for ein stor del litt eldre elevar på reindriftsskolen, sidan det ikkje hadde vore noko slikt tilbod før. Det vart jo litt festing, og rektor, som eigentlig var rektor for gartnarskolen, blei visst litt skremt av oss. Formannen i styret for reindriftsskolen, Anders Oskal, måtte komme til skolen for å mekle. Men vi var da populære blant jentene i bygda. Dei var i alle fall ikkje redd oss. Eg syns det var eit artig bygdemiljø.

- Å starte opp ein reindriftsskole frå ingenting kan vel ikkje ha vore så lett. Hadde dokker lærebøker?
- Hovudboka var " Rein og reindrift" av Sven Skjenneberg, som var forskar ved Statens reinforsøk i Lødingen. For at reindriftsskolen skulle vere godkjent av Landbruksdepartementet, måtte vi ha jordbruksfag. Så vi hadde ein viss prosent jordbruksfag på planen. Men nokre emne fikk vi bytta ut. Blant anna bytta vi ut traktor med skuter. Skolen kjøpte inn ein gammal Varg som vi skrudde på og ein ny Ockelbo som vi rasa rundt med.

Stadig tilbake til reindrifta

Etter reindriftsskolen var Albert tilbake i reindrifta. Han hadde lyst til å gå meir skolar, men det blei ikkje tid.

- Eg måtte vere i fjellet. Bror min gifta seg tidlig og flytta ut, og eg blei aleine med foreldra mine. Etter nokre år fikk familien meir hjelp. Det var Anti-brørne som kom flyttande frå Karasjok og byrja med rein i lag med familien min. Da fikk eg etter kvart tid til å komme meg ifrå for å gå på skole, og eg tok 1-årig gymnas på Oslo språkskole. Deretter søkte eg journalistskolen. Eg såg for meg behovet for å rette søkelyset mot all uretten samane måtte tåle. Men eg kom dessverre ikkje inn. Eg hadde sett opp lærarskolen i Alta som god nr. 2, og kom inn der i staden. Igjen fikk eg permisjon til å byrje etter dei andre. Slaktinga måtte sjølvsagt gjørast unna først. Det var 2 år med masse permisjonar, for eg måtte stadig heim til reinsamling og slakting. På denne tida var det allereie samisk avdeling i Alta, men denne var for studentar som snakka nordsamisk. Sjølv måtte eg gå på avdelinga for vanlige norske studentar, og eg fikk ikkje noko samisk faglig innhald i løpet av lærarutdanninga. Mens eg var i Alta tok eg innføringskurs i nordsamisk på fritida, med Håkon Henriksen som lærar. Siste året gikk eg i Trondheim, for å ha kortare veg heim.

Etter lærarskolen bar det tilbake til reindrifta nokre år før han byrja som lærar i Snåsa.
- Eg hadde eigentlig ikkje tid til å praktisere som lærar, men etter påtrykk tok eg på meg nokre år ved sameskolen i Snåsa. Dei hadde da elevar med samisk som førstespråk, men førstespråkslæraren var slutta. Samstundes med lærarjobben hadde eg ansvar for driftseininga i reindrifta. Derfor var eg avhengig av permisjonsavtale med skoleleiinga, slik at eg kunne vere til stades i reindrifta når det toppa seg med arbeid og elles ved aktuelle behov.

- Du fortel at du har undervist i sørsamisk, men du hadde vel sjølv ikkje samisk på skolen. Når har du eigentlig lært deg å lese og skrive ditt eige morsmål?
- På skolane eg har gått har eg ikkje fått noko sørsamisk. I vaksen alder var eg med på eit par kurs på Snåsa som sameskolens rektor Ella Holm Bull sto i spissen for. Seinare vart det halvårseining i sørsamisk på Snåsa under Høgskolen i Levanger, og ein god del år seinare tok eg andre halvårseining i Hattfjelldal. Den var organisert av Høgskolen i Nesna.

Utdanning for eller mot reindrift?

Både ut frå eigne erfaringar og det han seinare har sett av reindriftsutdanninga, er Albert Jåma noko skeptisk.
- Reindriftsutdanninga synest å ha som mål å tilpasse reindrifta til storsamfunnet. Ho er ikkje laga ut frå interessene til samisk reindrift, men styrt av utanforliggande interesser. Ein kan difor spørre om det i det heile er ei utdanning som tener reindriftsutøvarane, eller berre er ein veg for å utdanne reindriftsungdom vekk frå den samiske reindrifta og inn i ei reindrift slik det ikkje-samiske samfunnet ønskjer ho.

(Tegning: Josef Halse)

Fleire artiklar frå Samisk skolehistorie 1